Linjeforeininger og studentorganisasjoner

Ved Universitetet i Stavanger er det mange moglegheiter for deg som vil vere engasjert!

Publisert Sist oppdatert
Fire personer under hver sin fargerike paraply.
Arbeidsutvalget i StOr 2023-2024.

Å vere med i ein studentorganisasjon og/eller linjeforeining er ei verdifull investering. Engasjementet viser at du har ekstra interesse for fagfeltet, at du tar ansvar og initiativ, samt evne til samarbeid med andre. Dessutan - det er veldig sosialt gjevande å vere aktiv i ein studentorganisasjon og linjeforeining.

StOr

Som student ved UiS er du automatisk med i Studentorganisasjonen StOr. StOr er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon for studentane ved Universitetet i Stavanger.

StOr representerer studentane ved UiS, saman med Arbeidsutvalet. Leiar og arbeidsutval sit for eitt år om gangen, og blir valde av det øverste demokratiske studentorganet på UiS, Studentparlamentet. StOr har òg ein paraplyfunksjon over linjeforeininger- og studentorganisasjonar. StOr arbeider kontinuerleg for å betre UiS-studentane sin studiekvardag. Les meir om StOr.

ION Racing
ION Racing er UIS sin raskaste studentorganisasjon. ION Racing utviklar kvart år ein høgteknologisk racerbil som skal delta i den største ingeniørkonkurransen i verda for studentar.

Studentorganisasjonar

Studentorganisasjonane våre jobbar og samlast på tvers av studieretningar. Her kan fellesinteresser innan politikk, livssyn eller humanitær bistand vere engasjementet. Eller interessen for kaffi eller song. Eller dialekt, fotball eller undervasssteknologi. Spennet er med andre ord stort. Fellesnemnaren er aktive studentar med mykje energi! 

ØSF, Økonomistudentenes forening, har semesterets første styremøte utendørs.
ØSF, Økonomistudentenes forening, har semesteret sitt første styremøte utandørs.

Linjeforeiningar

BIF, AKSEL, SAMSIK, JUFO, MEL, SFF, LED og MASTØK. HÆ? Etter nokre veker på UiS er du mest sannsynlig kjend med forkortingane – som jo er namna til nokre av dei mange linjeforeiningane på Universitetet i Stavanger. Men kva er eigentleg ei linjeforeining?

Ei linjeforeining er ein studentorganisasjon knytt spesifikt til studiet. På UiS har vi mange linjeforeiningar knytt til fleire studieretningar. Verdien av å engasjere seg i ei linjeforeining er stor og definitivt verdt å vurdere. Studentar som har vore med i ei linjeforeining er spesielt attraktive for næringslivet, og linjeforeiningar blir ofte invitert til arrangement i regi av bedrifter i regionen. 

Sjå alle studentorganisasjonar og linjeforeiningar.