Fire fredagar denne hausten kan du oppleve musikkstudentane frå scena på Ullandhaug.
![bøker and beats](https://cdn.statically.io/img/www.uis.no/sites/default/files/styles/large/public/2024-07/B%C3%B8ker%26Beats_banner.png?itok=qzeubXw-)
Under Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.
Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet.
Kven som opptrer med kva, vil bli annonsert etter kvart.
Datoar
Fredag 27. september kl. 12.15-13.00
Fredag 18. oktober kl 12.15-13.00
Fredag 15. november kl 12.15-13.00
Fredag 6. desember kl 12.15-13.00