Rosevindauge
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/49/GothicRayonnantRose003.jpg/220px-GothicRayonnantRose003.jpg)
Foto: Krzysztof Mizera
Foto: Zairon
Rosevindauge er eit stort, rundt vindauge som er sett inn i fronten og tverrskipgavlane i ei kyrkje eller ein katedral. Denne typen vindauge er særleg kjend frå gotisk kyrkjearkitektur der rosevindauge er fylte ut med glasmåleri og plasserte øvst i gavlpartiet i frontveggen.[1][2]
I samband med restaureringa av Nidarosdomen fekk kyrkja eit stort rosevindauge i vestfronten teikna av Olaf Nordhagen og med glasmåleri av Gabriel Kielland.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Gunnarsjaa, Arne (1999). «rosettmønster og rosevindu». Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt forlag. s. 660. ISBN 8279350071.
- ↑ «rosevindu». Store norske leksikon. Henta 7. september 2016.