Hopp til innhald

Ringveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringveg rundt Berlin i Tyskland «Berliner ring».

Ein ringveg er ein veg som leier trafikk utanom ein by eller eit bysentrum.[1] Ein slik veg finst rundt eller inni mange byar, og kan både bidra til å letta trafikken i bykjernen og bind saman distrikta utanfor.[2] Vegen treng ikkje å vera ein heil sirkel. Slike vegar blir òg kalla «omkøyringsvegar».

Fleire ringvegar rundt europeiske storbyar blir kalla «ring» og liknande, som the Berliner Ring, Ring 0 kring Brussel, Amsterdam Ring, Boulevard Périphérique kring Paris og Inner og Outer Ring Road kring Leeds. Australia, Pakistan og India nyttar òg omgrepet ringveg, som Western Ring Road kring Melbourne, Lahore Ring Road kring Lahore og Outer Ring Road kring Hyderabad.

Grovt sett kan ein dela inn ringvegar i to hovudtypar, og dei største byane har ofte fleire av kvar type:

  • Den indre ringvegen er gjerne eldst. Han kan ha preg av gate eller boulevard, og har som regel tilgang for alle brukartypar. Vegen er meint å kunna brukast av alle typar trafikantar – med fortau, nokre gonger sykkelbane, og ofte med betydeleg kollektivtransport, nokre gonger med trikk. Fartsgrensa er som regel låg, og vegen og kryssa er gjerne moderat dimensjonerte, sjølv om slike vegar kan ha mange køyrefelt. Dei har gjerne kryss i plan, med rundkøyringar eller trafikklys. Nokre døme er Ringstraße og Lastentraße i Wien, Ring 2 (Kirkeveienringen) i Oslo og Les Boulevards des Marechaux i Paris.
  • Den ytre ringvegen er av nyere dato og er bare rekna for motorisert trafikk, med forbod mot syklistar og fotgjengarar, nokre gonger også mot mopedar. Han har gjerne store dimensjonar, ofte med kryss i fleire plan (trafikkmaskinar), og ikkje sjeldan med full motorvegstandard og høge fartsgrenser. Nokre døme er Ring 3 i Oslo, og i Paris Boulevard périphérique og endå meir A86-motorvegen rundt byen (Paris super-périphérique).
  1. «ringveg» i Nynorskordboka.
  2. «ringvei». Store norske leksikon (på norsk). 6. oktober 2020.