Polvandring
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2b/PolarMotion_2001_2005.png/220px-PolarMotion_2001_2005.png)
Polvandring syner til endringa i plasseringa til polane i tilhøve til kontinenta gjennom geologisk tid. Ved paleomagnetiske undersøkingar har det vore mogleg å avgjere den magnetiske plasseringa til polane til ulike tider i historia til jorda. Vandringa til polane er berre tilsynelatande; det er kontinenta (eller jordplatene, sjå platetektonikk) som rører seg. Dei magnetiske polane har heile tida stått ganske nær dei geografiske polane.
Sett frå Europa fann den magnetiske nordpolen seg i kambrium i Stillehavet, han rørde seg så mot kysten av Aust-Asia, gjennom dei nordaustlegaste delane av Asia og ut i Nordishavet. Paleomagnetiske målingar gjort i bergarter på andre kontinent gjev andre polvandringskurver. Dette viser at kontinenta ikkje berre har rørt seg i tilhøve til dei magnetiske polane, men òg i tilhøve til kvarandre.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Polvandring. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/polvandring.