Eincella organismar
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Volvocales.png/220px-Volvocales.png)
Eincella organismar er organismar som berre består av ei celle. Dei fleste slike organismar er mikroskopiske, og blir derfor rekna som mikroorganismar. Andre kan ein sjå med det nakne auget.[1]
Eincella organismar er ei mangfoldig gruppe. Nokre har mange organellar, som mitokondrium eller flimmerhår,[2] medan andre nesten berre har det dei treng for å kunna formeira seg. Nokre lagar skal av kiselsyre, kitin eller kalk. Dette gjeld til dømes mange frittlevande eincella protoktistar som skalamøbar, foraminiferar og soldyr.[3]
Det er kjend om lag 300 000 artar eincella organismar.[treng kjelde]
Ernst Haeckel føreslo i 1866 eit eige biologisk rike for eincella organismar, protistar (Protista). Dette har ein seinare gått bort frå.[4][2]
Nokre døme på eincella organismar er:
- Xenophyophorea, ei gruppe kjempemessige eincella organismar innan rekkja Foraminifera. Syringammina fragilissima kan nå ein diameter på opptil 20 cm.[5]
- Nummulitidae
- Valonia ventricosa, ein alge i klassen Chlorophyceae, kan nå ein diameter på 1-4 cm.[6][7]
- Acetabularia, alge.
- Caulerpa, alge[8]
- Gromia sphaerica, amøbe
- Thiomargarita namibiensis, den største kjende bakterien, kan få ein diameter på opptil 0,75 mm.
- Epulopiscium fishelsoni, bakterie
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Max Planck Society Research News Release Accessed 21 May 2009
- ↑ 2,0 2,1 liv – systematisk inndeling (10.05.2013) i Store norske leksikon.
- ↑ skjelett (04.06.2013) i Store norske leksikon.
- ↑ protister (10.05.2013) i Store norske leksikon.
- ↑ Researchers Identify Mysterious Life Forms in the Extreme Deep Sea. Arkivert 2011-10-26 ved Wayback Machine. Accessed 2011-10-24.
- ↑ Bauer, Becky (October 2008). «Gazing Balls in the Sea». All at Sea. Arkivert frå originalen 17. september 2010. Henta 27 August 2010.
- ↑ John Wesley Tunnell, Ernesto A. Chávez, Kim Withers (2007). Coral reefs of the southern Gulf of Mexico. Texas A&M University Press. s. 91. ISBN 1-58544-617-3.
- ↑ http://www.wisegeek.com/what-is-the-largest-biological-cell.htm