Hopp til innhald

Dress

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dress frå kring 1912-1915 med jakke, vest og bukse i gråmelert kamgarn-cheviot. Sydd for Walther von Hallwyl ved det svenske skreddarselskapet Fr. Kaedings Efterträdare, Zittorin & Lundvik.

Dress (av engelsk for 'drakt, kjole') er ein klesdrakt for menn sett saman av jakke, bukse og eventuelt vest. Den moderne dressen har lausthengjande, komfortabel jakke og typisk vest og bukser i same tøy. Han blei populær til uformell bruk i England i 1860-åra, og nådde Norge etter kort tid.[1]