Hopp til innhald

Bisam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bisam
Bisam
Bisam
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risikoUtbreiinga av bisam
Utbreiinga av bisam
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Hamsterfamilien Cricetidae
Slekt: Ondatra
Art: Bisam O. zibethicus
Vitskapleg namn
Ondatra zibethicus

Bisam (Ondatra zibethicus) er eit pattedyr i hamsterfamilien. Bisamen høyrer opphavleg heime i Nord-Amerika.[1] Eksemplar vart sett ut i Finland og Russland for å auka talet på pelsviltartar, og arten har derfrå òg spreidd seg til Noreg.[2] Han er ført opp på Norsk svarteliste 2007 som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Han er òg sett ut i mellom anna Tsjekkia og Argentina og er no vanleg i store delar av Eurasia. Levemåten kan minna om beveren. Han lever i nærleiken av vatn, der han bur anten i holer eller i hus han byggjer av plantematerial, der inngangen ligg under vassoverflata.[1] Pelsen deira er ettertrakta, og det blir difor drive mykje jakt på bisamen.

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Norsk svarteliste 2007 Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine. s. 42