Hopp til innhald

50000 Quaoar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
50000 Quaoar
Quaoar og Weywot (Hubble)
Oppdaging[1]
Oppdaga avChad Trujillo
Michael E. Brown
Oppdagingsdato4. juni 2002
Baneskildring[2]
Epoke 18. mai 2008 (JD 2454600,5)
Aphel6,716275 Tm (45,286 AE)
Perihel6,270316 Tm (41,928 AE)
Eksentrisitet0,0384
Banehelling7,988°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar1260 ± 190 km (direct)[3]
844±(+207,-190) km (termisk)[4]
Masse1,0-2,6×1021 kg
2,0? g/cm³
0,523-0,712 km/s
Albedo0,088 ±(+0,021, -0,012) [3]
0,1986 ±(+0,13, -0,07) [4]

50000 Quaoar (symbol: 🝾) er eit transneptunsk-objekt i kuiperbeltet. Det blei oppdaga 4. juni 2002 av astronomane Chad Trujillo og Michael Brown ved California Institute of Technology ifrå bilete tekne ved Samuel Oschin Telescope ved Palomar-observatoriet.

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Oppdaginga av Quaoar blei offentleggjord den 7. oktober 2002 under eit møte i regi av American Astronomical Society. Dei første bileta tekne av objektet er ifrå 25. mai 1954 der objektet er å finna på ei fotografisk plate ifrå Palomar-observatoriet. Objektet kvalifiserer seg kanskje til dvergplanet status gitt størrelsen funne ifrå direkteobservasjon av romteleskopet Hubble.

Størrelse[endre | endre wikiteksten]

JordaDysnomia(136199) ErisCharon(134340) Pluto(136472) 2005 FY9(136108) 2003 EL61(90377) Sedna(90482) Orcus(50000) Quaoar(20000) Varuna
Quaoar samanlikna med Eris, Pluto, (136472) 2005 FY9, (136108) 2003 EL61, Sedna, Orcus, Varuna, og jorda.

Quaoar er estimert å ha ein diameter på 1260 ± 190 km, som på oppdagingstidspunktet gjorde at det var det største objektet funne i solsystemet sidan Pluto. Nyare observasjonar av romteleskopet Spitzer føreslår derimor ein mykje større albedo på 0,19 og som ei følgje av dette ein mindre diameter på (844.4 ±(+206,7, -189,6

Satellitt[endre | endre wikiteksten]

Quaoar og Weywot

Oppdaginga av ein satellitt i bane rundt Quaoar blei rapportert i IAUC 8812 den 22. februar 2007. Banen til satellitten er enn ikkje kjend. Satellitten blei funne 0,35 bogesekund unna Quaoar med ein magnitudedifferanse på 5,6. Med ein albedo lik hovudobjektet har han ein diameter på 100 km.[5]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Discovery Circumstances: Numbered Minor Planets
  2. Asteroide Data Services by Lowell Observatory
  3. 3,0 3,1 Michael E. Brown; Chadwick A. Trujillo (2004). «Direct Measurement of the Size of the Large Kuiper Belt Object (50000) Quaoar». The Astronomical Journal (7018 utg.) 127: 2413–2417.  PDF-versjon av artikkelen på Brown sin nettstad
  4. 4,0 4,1 Stansberry J., Grundy W., Brown M., Cruikshank D., Spencer J., Trilling D., Margot J-L Physical Properties of Kuiper Belt and Centaur Objects: Constraints from Spitzer Space Telescope To Appear in: Kuiper Belt (M.A. Barucci et al. Eds.) U. Arizona Press 2007 kortversjon
  5. Johnston's Archive - 50000 Quaoar

Kjelde[endre | endre wikiteksten]