Bodø:

Bil krasja inn i Burger King

Ingen er skadd, men skadane er store på både restaurant og bil.

SKADER: Det er store materielle skader på både bil og restaurant etter hendinga. Foto: Run Gyllander Eide/ TV 2
SKADER: Det er store materielle skader på både bil og restaurant etter hendinga. Foto: Run Gyllander Eide/ TV 2

Onsdag morgon brasa ein bil inn i Burger King i Bodø. 

Bilen skal ha køyrd over eit 30-skilt, gjennom Burger King, og enda opp på parkeringsplassen etter å ha vore borti seks bilar. 

Sjåføren var åleine i bilen, og vart tilsett av helse på staden. I tillegg til å ha køyrd inn i restauranten, har han òg vore borti mange bilar på vegen. 

Bilen er totalskadd, og det same er inngangspartiet til Burger King på City Nord. 

DRIVE THROUGH: Bilen køyrde gjennom restauranten, før han enda opp på parkeringsplassen utanfor. Foto: Run Gyllander Eide / TV 2
DRIVE THROUGH: Bilen køyrde gjennom restauranten, før han enda opp på parkeringsplassen utanfor. Foto: Run Gyllander Eide / TV 2

Ute på parkeringsplassen ligg knust glas og stolar. I tillegg står det seks bilar med betydelege skader. 

Kva som har skjedd i forkant av ulukka er ukjent. Politiet har tatt førarkortet til sjåføren, som er sikta for brot på Vegtrafikkloven si paragraf 3. 

Bilen er òg lagt beslag på, og det same er tekniske bevis, seier operasjonsleiar i Nordland Politidistrikt, Ulf Slettan til TV 2. 

– Det er tatt blodprøvar av sjåføren, men det er ikkje konkret mistanke om køyringa i rusa tilstand.

PARKERT: Desse bilane fekk store skadar då el-bilen suste inn på parkeringsplassen Foto: Run Gyllander Eide / TV 2
PARKERT: Desse bilane fekk store skadar då el-bilen suste inn på parkeringsplassen Foto: Run Gyllander Eide / TV 2

To tilsette på kjøpesenteret, Natalie og Voin, fekk bilen sin skadd etter at elbilen som til slutt enda opp på Burger King. 

– Me fekk beskjed om at bilane våre måtte flyttast. Då me kom ned på parkeringsplassen såg me at bilane våre var treft og at det var glasskår over alt, seier Natalie

– Dessverre var me uheldige i dag. Men alt skal vel ordnast opp i, seier Voin, som fekk baksida av bilen sin bulka og skrapa opp. 

Sjåføren skal vera ein eldre person, og vedkommande er ikkje skadd etter hendinga. 

Bilen køyrde gjennom Burger King før opningstider, så det var ingen kundar eller tilsette som vart trefte. 

Senterleiar Tor Austad seier kollisjonen ikkje påverker resten av kjøpesenteret, då det berre er ein av butikkane som er råka av hendinga.