Hopp til innhold

Fann truleg båtgrav frå vikingtida etter utgravingar

Funn av jernnaglar gav arkeologane håp om at det kan skjule seg ei skipsgrav frå vikingtida på Jarlsberg hovudgard. Nå er utgravinga ferdige.

Etter at det dukka opp sju større båtnagler og det sansynligvis kunne vere langt fleire på hovudgarden i Tønsberg for nokre år sidan, har spenninga vore stor.

Det tilseier eit skip eller ein stor båt, fortel Ragnar Orten Lie, prosjektleiar for Vikingveien i Vestfold.

Jernnaglar blei klinka saman då vikingskipa blei bygde.

Kan ei ny skipsgrav vere gøymd under jordmassane?

Arkeologiske utgravinger ved Jarlsberg hovedgård

Her har dei lett etter restar etter eit vikingskip i to veker.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Georadar som er henta inn frå jorda, viser heilt tydelege konturar av to gravhaugar, fortel grunneigar Nicolaus Wedel Jarlsberg.

Ifølge historier frå forfedrane på garden sette dei i gang utgravinga av desse gravhaugane då Pompeii i Italia blei oppdaga på nytt i 1748.

Men rapporten seier at det berre blei funne nokre potteskar og rustne sverd.

Det skal ha ført til skuffelse hos gardeigaren på Jarlsberg.

– Da blei han sur og kasta desse haugane utover igjen, fortel Wedel Jarlsberg.

Starta utgraving

Kulturhistorisk museum har i to veker undersøkt dei to haugane.

Mange som jobbar med vikingarven i Vestfold, er spente på om dei finn nok eit skip her.

– Vi lurer på om desse klinknaglane kjem frå denne haugen, og om det er ei båtgrav eller om det faktisk er ei skipsgrav til. Det ville vore oppsiktsvekkande, seier Orten Lie.

– Kan det vere snakk om eit nytt Osebergskip?

– Ikkje når det gjeld bevaringsforholda. Det eine er størrelsen, og talet på klinknaglar og størrelsen som vi har sett så langt, tilseier enten ein stor båt eller skip, seier han.

Arkeologiske utgravinger ved Jarlsberg hovedgård

Her har dei lett etter restar etter eit vikingskip i to veker.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Kan ha vore båtgrav

No er utgravingane avslutta. Det var Tønsbergs Blad som melde det først.

Det er funne rundt 60–70 skipsnaglar som kan knytast til vikingtida.
– Nei, vi har ikkje funne noko bevart skip på staden. Men naglane kan ha komme frå ein opphavleg gravhaug, seier utgravingsleiar Christian Løchsen Rødsrud ved Kulturhisorisk museum til NRK.

Dei har funne spor etter ein gravhaug fordi det er funne lag på 5–10 cm med sand og grus som han meiner er påført av menneske.
– Dei er sikkert frakta for å lage ein gravhaug som skipet eller båten har lege i, seier Rødsrud.

No skal dei undersøkje vidare kva slags type båt som har vore i gravhaugen. Medan det finst fleire båtgraver i Noreg, er det færre skipsgraver.

Han trur eit skip eller båt har lege høgare i grava og gradvis vorte øydelagt av plogen.

Arkeologiske utgravinger ved Jarlsberg hovedgård

Utgravingsleiar Christian Løchsen Rødsrud ved Kulturhisorisk museum

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Hovudgard med lang og mektig historie

Jarlsberg hovudgard har ei lang og mektig historie i Noreg, påpeikar Orten Lie.

Dette er gamle Sem Kongsgård, som er knytt til forteljinga om Eirik Blodøks sitt drap på broren, Bjørn Farmann, i 926, fortel han.

– Det er eit par kilometer over til Oseberghaugen, og det ligg eit stort båtgravfelt i Tønsberg, seier Orten Lie.