Hopp til innhold

Stoppar salet av Ozempic som slankemedisin

Apotek får ikkje lenger levera ut norske pakningar med Ozempic til pasientar med kvit resept. Årsaka er medisinmangel.

Ozempic

POPULÆR: Bruken av medisinen Ozempic har eksplodert det siste året.

Foto: David J. Phillip / AP

Formålet med stansen er å sikra at tilgjengelege pakningar blir levert ut til diabetespasientar med blå resept.

Det seier overlege i Direktoratet for medisinske produkt (DMP), Sigurd Hortemo til NRK.

– Det betyr at dei som har ein kvit resept på Ozempic må gå til legen og finna ut om dei skal ta i bruk ein annan medisin, seier han

Mann med briller ser i kameraet.

Sigurd Hortemo er overlege i Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk).

Foto: Hanna Johre / NRK

Kvit resept betyr at ein må betala for medisinen sjølv, i motsetnad til blå resept, der staten tar store deler av rekninga.

Sidan Ozempic i utgangspunktet er ein medisin for diabetes 2, er det berre dei med sjukdommen som får medisinen dekka av staten.

– Me har to mål med desse tiltaka. Det eine er å sikra at pasientar med diabetes får medisinane. Det andre er å få kontroll på fellesskapets utgifter, seier Hortemo.

Salet av norske pakningar på hvit resept stoppar alleie i dag. Apoteka får likevel lov til å selga utanlandske pakkar til og med 15. juli.

Bruken har eksplodert

Bruken av medisinen Ozempic har eksplodert det siste året.

Sjølv om medisinen er laga for dei med diabetes 2, har også personar med alvorleg overvekt begynt å bruke det, for å gå ned i vekt.

Les også Jakten på medisinen: Hans Einar må kjøre byen rundt

Hans Einar Johannessen har diabetes og bruker Ozempic.

Ifølge Apotekerforeningen er det seld 40 000 pakkar mot fedme på kvit resept så langt i år. Vanlege biverknadar er nemleg dårleg appetitt.

Forbruket har vore så høgt at apoteka har gått tomme, og Noreg har kjøpt inn rådyre medisinar frå utlandet.

Mann i radiostudio.

Hortemo var på Nyhetsmorgen på NRK1 og P2 måndag morgon for å orientera om den nye regelendringa.

Foto: Hanna Johre / Hanna Johre

Totalt har det kosta fellesskapet 1,2 milliardar kroner så langt i år, viser heilt nye tal frå Direktoratet for medisinske produkt (DMP).

Det er nesten like mykje som heile fjoråret til saman.

Det er desse utgiftene Hortemo seier staten no må få ned.

Må rasjonera – går ut over dei med diabetes

Samstundes er det bestemt at diabetespasientar med blå resept berre får utlevert Ozempic for fire veker om gangen, forklarar overlegen.

– Diabetespasientane som har rett på blå resept skal sleppa å springe frå apotek til apotek, fordi det er mangel, seier Hortemo.

I dag er det rundt 60 000 personar som brukar Ozempic mot diabetes 2 i Noreg.

Allereie førre veke vart det tydeligjort at legar ikkje lenger skal kunne skriva ut blå resept på berre Ozempic til diabetespasientar.

Skal ein ha medisinen, må ein også ta annan medisin, som for eksempel insulin og metformin.

Dette går ut over diabetespasientar, seier kommunikasjonsansvarleg i Diabetesforbunder, Ingvild Eilertsen.

– Me får jo allereie tilbakemeldingar frå diabetespasientar som dette gjeld. Blant dei er mange fortvila over at dei no må avbryta behandlinga og slutta med ein medisin som dei oppgir, seier ho.

Les også Ikke ta medisinen vår!

Person med feit mage.

Svært populær medisin

Ozempic er i utgangspunktet ein medisin utvikla mot diabetes 2. Sidan han også reduserer appetitt, gjer han det lettare for folk å gå ned i vekt.

Medisinen blir produsert av det danske selskapet Novo Nordisk, som har hatt ein ekstrem vekst dei siste åra på grunn av «slankemedisinane» sine.

NRK har tidlegare skrive om regjeringa sitt ønske om å hindre at pasientar utan diabetes får diabetesmedisinar med slankande effekt på blå resept.

Apoteka har høve til å selja utanlandske pakningar på kvit resept fram til 15. juli, legg Hortemo til.