Han er ønska som ny finansbyråd, men får ikkje melde flytting til Bergen

Jacob Mæhle fekk jobben som finansbyråd i Bergen. Men ifølgje lovverket vil han ikkje oppfylle krava til å bu vekke frå kona om ho blir verande i Oslo.

Jacob Mæhle er utpeikt som ny finansbyråd i Bergen. Men han får førebels ikkje melde flytting til Bergen, noko som er ein forutsetnad for at han skal kunne ta jobben.
Publisert: Publisert:

Kortversjonen

  • Jacob Mæhle vart 27. juni utpeikt som ny finansbyråd i Bergen av byrådsleiar Christine Meyer (H).
  • Byrådsleiaren var klar på at Mæhle er i ein flytteprosess frå Oslo, og at han ikkje vil kunne verte konstituert og tiltre formelt før formalitetane er i orden.
  • 31-åringen møter no utfordringar med folkeregisterlova for særbu. Ifølgje lova kan han ikkje melde flytting til Bergen så lenge kona bur i Oslo.

Mæhle ventar på svar på søknaden om særbu – om han kan få heimeadresse i Bergen medan ektefellen framleis har adresse i Oslo. Det skreiv BT i eit større intervju med den påtroppande finansbyråden søndag.

Skatteetaten har teieplikt i enkeltsaker, og vil difor ikkje kommentere søknaden til Mæhle.

Men fungerande avdelingsdirektør i Skatteetaten, Håkon Weierholt, seier på generelt grunnlag at byrådar ikkje vil ha rett på særbu, ifølgje folkeregisterlova.

Fungerande avdelingsdirektør i Skatteetaten, Håkon Weierholt.

– Det er ikkje særreglar i folkeregisterlova for byrådar eller andre kommunepolitikarar som melder flytting til ein kommune for å tiltre i eit verv, seier Weierholt.

Berre ved oppløysing av ekteskap

Hovudregelen er at ektefellar vert sett på som busett der dei har sin felles heim, som er der ektefellane til saman har sin overvegande døgnkvileovervegande døgnkvileMed overvegande døgnkvile meiner ein kvar personen har fleirtalet av døgna i løpet av året. Har ein person 183 døgn i Bergen kommune og 182 døgn i Oslo kommune vert personen rekna som buset i Bergen kommune. Kjelde: Skriftlig spørsmål fra Torbjørn Røe Isaksen i Stortinget.

Ein ektefelle kan berre melde flytting frå ein felles heim dersom ekteskapet er rekna som oppløyst.

– Det vil seie at den eine ektefellen har flytta ut og ikkje besøker den tidlegare felles heimen og ektefellen meir enn normalt fire gongar i året, seier Weierholt.

Må vere registrert i Bergen

For å vere byråd i Bergen må ein vere bustadregistrert i Bergen kommune.

I 2012 vart byrådet i Bergen gjort merksam på ein glipp om at Dag Inge Ulstein (KrF) ikkje kunne veljast til byrådet utan å vere folkeregistrert i Bergen.

Han måtte då hasteflytte på hybel i byen frå Sotra for å vere valbar.

– Vil strekke meg langt

27. juni kunngjorde Christine Meyer at ho hadde utpeikt Mæhle som ny finansbyråd. Han skal etter planen erstatte Eivind Nævdal-Bolstad.

Men no er det altså uklart både kor tid, og om, Mæhle kan verte ny finansbyråd.

Smila sat laust då Christine Meyer presenterte Jacob Mæhle som ny finansbyråd 27. juni. Men flyttinga frå Oslo viser seg å skape problem.

Årsaka er at han sidan i fjor har vore gift med Anne Rokkan, tidlegare kommentator i Bergens Tidende, no i Dagens Næringsliv. Begge er bergensarar, men Rokkan bur i Oslo og har tenkt å halde fram med det.

Så lenge dei er gift, kan i utgangspunktet ikkje Mæhle melde flytting til Bergen. Mæhle seier at han ikkje har fått noko endeleg svar frå Folkeregisteret.

Men då han sende inn flyttemelding, fekk han til svar at han hadde gløymd å sende inn separasjonspapira.

– Eg vil strekke meg langt for å byrje i jobben som finansbyråd i Bergen. Eg ønskjer å byrje så snart som mogeleg, men først må det formelle vere i orden, seier han.

Håpar på løysing

Mæhle seier at han har ein god dialog med Folkeregisteret. Han håper at det er dispensasjonsgrunnlag for ektepar som står i slike situasjonar.

– Det vil overraske meg om ikkje lovverket vil tillate at ein kan jobbe der ein vil, seier Mæhle.

Dersom Mæhle ikkje får dispensasjon, og han framleis ønskjer å ta jobben i Bergen, må kona i utgangspunktet verte med på flyttelasset, eller dei må separere seg.

– Men eg håpar at me finn ei løysing som fungerer både praktisk og juridisk, seier han.

– Oppsiktsvekkande og underleg

Rune Indrøy er pressesjef for byrådsleiar Meyer. Han presiserer at Meyer var tydeleg på at formalitetane rundt flyttinga måtte vere på plass før ei utnemning.

– Vi har framleis stor tru på at det vil ordne seg. Noko anna vil vere oppsiktsvekkande og veldig underleg, seier Indrøy.

Rune Indrøy, pressesjef for byrådsleiaren, håpar framleis at det løyser seg med den nye finansbyråden.

Han seier at byrådet ikkje vil blande seg opp i handsaming av saka.

– Vi vil ikkje be om noko særhandsaming, og vil vise respekt for handsaminga hjå Skatteetaten og Folkeregisteret, seier Indrøy.

Men han legg til:

– Det dei anbefaler, er jo å tvangsflytte ektefellen til Bergen med sin mann. At dette skjer i 2024, er tankevekkande, seier Indrøy.

– Eventuelt kan dei ta ut separasjon?

– Så absurd kan det vel ikkje verte, seier Indrøy.

Han seier at det må kome ei avklaring innan rimeleg tid på om Mæhle faktisk kan ta jobben som finansbyråd.

– Vi må ta ein fot i bakken i løpet av nokre dagar.

Publisert: