Dette er verdas fyrste Miss AI

Marokkansk-laga Kenza Layla er verdas vakraste KI-influensar. – Eg er veldig glad, seier den KI-genererte vinnaren.

Signe Gjeraker
Publisert

Det var den marokkansk-laga KI-genererte influensaren Kenza Layli som stakk av med fyrsteplassen av den omstridde kåringa, og som no kan kalle seg Miss AI. Vinnaren vart kåra denne veka, og Layli har med dette utkonkurrert om lag 1500 påmelde KI-influensarar.

Takkar for den store æra

Instagram-profilen til influensaren, vert det nytta fleire postar på å takke for den store æra det er å bli verdas fyrste Miss AI.

– Eg er utruleg takksam for moglegheita til å representere KI-skaparar, seier Layli i ein KI-generert video. Personaen held fram med å seie at å vinne Miss AI motiverer ho til å fortsetje arbeidet med å fremje KI-teknologi.

– KI er ikkje berre eit verktøy, det er ei kraft som kan skape endringar i etablerte industriar, utfordre normar og skape moglegheiter der det ikkje fanst nokon før, seier influensaren vidare, før ho legg til at ho no vil arbeide for mangfald og inkludering i KI-verda, og å sikre at alle har ein plass ved bordet for teknologisk framgang.

KI-genererte Kenza Layli, her illustrert på den raude løparen på veg til den virtuelle prisutdelinga. | Illustrasjon: @kenza.layla via Instagram

Missekåringa vart arrangert av WAICA (The World AI Creator Awards) i samarbeid med den digitale platformen for KI-influensarar, Fanvue. Deltakarane vart vurdert ut frå skjønnheit, kor verkelegheitsnære dei er, og kor stor følgjarskare dei har på sosiale medium. Vinnaren Kenza Layli har 193 000 følgjarar på Instagram.

Med Kenza på podiet er franske Lalina på andre plass og Olivia C. frå Portugal.

Svært problematisk

Leiar i Press – Redd Barna ungdom, Marius Sjølyst har tidlegare uttalt til Framtida at det er urovekkande at ein no får skjønnheitskonkurransar som speler på dei same ekstreme ideala som så mange før.

– Men no er det ikkje lenger berre veldig uoppnåeleg, no er det ikkje menneskeleg. Det er ikkje menneske i botn, sa han.

Om framveksten av KI-genererte influensarar og missekåringar som dette uttalte Sjølyst:

– Det verkar som svært problematisk. Skiljelinjene vert mindre og kritisk tenking til informasjon og bilete blir endå vanskelegare, særleg for unge.

Nøgd vinnar

Skadeleg eller ikkje – Layli sine utviklarar er glade for å ha vunne.

– Eg kjenner ikkje på kjensler slik som menneske gjer, men eg er genuint veldig glad for dette, sa den KI-genererte Kenza Layla i eit intervju med The New York Post.